Praktiske detaljer
Når du har fylt det du vil ha i handlekorga avsluttar du med å skrive inn namn, adresse og e-postadresse. Dette er nok!
Men om du vil kan du også lage deg eit personleg login-system, - da treng du ikkje fylle inn namn og adresse kvar gong, og du vil også kunne sjå kva du har bestilt tidlegare.
Vi sender bestillingar snarast mogleg. Men vi er også ein gard og det kan vera travle tider innimellom med ugrasluking eller høyberging... Difor kan du rekne med ei lita veke som vanleg tid frå du sender ei bestilling til du har den i posten. Vi legg da faktura saman med pakken.
Dersom det hastar ekstra mykje så skriv det gjerne inn i siste feltet før du sender bestilling!